Mildvêr er ikkje berre til det gode for livet i Mushamna. Eg er vant til luktfri hundebæsj som er knall hard. No er den våt, ekkel og luktar drit! På den andre sida må eg snu på tankegangen når det gjeld mat som skal halde seg. Eg er vant til 20 minus der alt frys nesten uansett kor eg sett det! Det har vore ”frysar” i alle rom unntatt stova. No byrja både det eine og det andre å tine. Greitt at eg et masse, men no skulla eg hatt ei hus fullt av svoltne gjester som kan hjelpe meg å ete unna ting! Men der er også mildveret min fiende. Det har vore plussgrader i fleire dagar no. Det er slettes ikkje bra for isen… I helga var fem grupper med til saman 13 Svalbardfolk på tur til Mushamna! Men som ofte før i vinter, vart alle stoppa av lite is og meldingar om mildvêr. Det er så trist! Mushamna er eit ynda mål for langvegsfarande på Svalbard. Eg har sjølv vore her kvar vinter i mitt Svalbardliv, og kvar gong har eg vorte tatt vel imot av fangstfolket i Woodfjorden. Eg har gleda meg til å vere vertskap for gamle og nye venner! Men skuffelsane har vore mange, etter kvart som det eine besøket etter det andre har stranda i vær og føreforhold. Ironisk at eg var stup trøytt og sliten den eine kvelden vi hadde huset fullt i påska! No gjer plussgrader, overvatn og smeltande is kål på årets scootersesong. Den våte snøen som dalar ned i dag, er verste sort. Da tiner alt rekordfort! Eg må innsjå at eg nok blir åleine nokre veker no, og det er i og for seg greitt. Men humøret går som en yo-yo! Små problem lager djupe daler i humøret. Telefonantenna som ikkje virka, aggregatet som fuskar og scooteren som ikkje går. Alt gjer meg litt ekstra motlaus når eg ser på tomme madrassar og kjøt som heng klart til å ta imot storinnrykk. Då saknar eg venner, og vert ekstra lei meg for bryllaup, konfirmasjonar og andre familiesamankomster eg gjerne skulle vore med på. Då må eg hogge ved og ta ein skitur med gutane mine, samt kose litt med Tuna som slit med å halde følgje i den våte snøen. Bamsane ved kobbekadaveret har gått sin veg etter mange dagars fest, og ingen vart frista til å følgje pulkens blodspor til kjøttstativet. Dermed kan vi i Mushamna nyte tida åleine, snu døgnet på hovudet og håpe at det snart blir SOL og minusgrader… Da skal vi prise våren, helse snøspurven, dra på tur og kose oss!
Mild weather
Mild weather is not what I want in Mushamna just now. I am used to temperatures well below 20 minus. Now I had between 0 and 5 (!) plus for several days! What happened to the nice temperatures in-between?? Hopefully they will come soon. Accompanied by some sun! Now I have wet snow in the air, and that is like a positive feedback in the melting process of the snow. Nice to have a roof without snow, but shitty to pick up wet and smelly dog shit! I am used to frozen things with no smell. Now it smells like, yes, SHIT! Another problem is the food I store. I am used to having a “freezer” in any room. Where ever I put things, it should be frozen within hours. Now I have to take care of a lot of food that might go off if I do not get a crowd here soon! Unfortunately the mild weather gives me a problem with that too… Snow is melting, and ice is melting. This weekend 5 groups with 13 Spitsbergen people tried to reach Mushamna from various directions. But nobody made it. It makes me sad that so few friends managed to reach Mushamna this spring. Housing good people was a big part of my dream for this year. Now I must see that scooter season is coming to an end. It is not too bad to be stuck alone here for some weeks. But I must admit my mood is like a yo-yo! Small problems are getting big, and I curse the broken scooter, a generator hardly working and the F..ing antenna on the iridium phone. It makes me want to fly home and join family gatherings instead of being stuck in the snow all alone! But then I go to the dogs and give them a cuddle, before we rush off over the snow covered grounds. Tuna can hardly keep up now, as the mild snow is wet and hard to handle. But with some extra cuddling and a piece of seal meat, she is happy too. The Polar bears have all finished their feast on the “kobbe” carcass. And luckily none of them were tempted to follow bloody tracks to the meat rack. Instead they just gave us a show before they left the area. Now the dogs and I are more than ready to get some sunshine, and nice long walks accompanied by happy tuned snow sparrows…
1 kommentar:
Så uheldig du er med besøket ditt! Jeg er superglad for at vi fikk treffe deg i april, selv om vi ikke fikk sett Mushamna. Klemmr fra Åshild
Legg inn en kommentar