Laurdag 24. Januar var ein historisk dag på Mushamna fangststasjon. Dagen byrja normalt – fyring i omnen og sein frukost. Idet eg gjekk ut for å seie god morgon til hundane, skjønte eg at dagen ville verte annleis. Og bra! På fjorden i sør såg eg eit flakkande ljos. Scooter!! Vi visste han var på veg, men tora mest ikkje håpe på at han skulle komme seg heilt til gards. Men jau då. Medan eg hogg selkjøtt så spekkspruten sto, jobba Sverre Bjørn og Lynx’en seg traust nordover – i slalåm mellom bakst og is. 40 minutt seinare svinga Lidtveiten seg inn på tunet. Det var nett som det skulle vere! Det er alltid kjekt å få ein god ven på besøk. Og årets første besøk MÅTTE liksom tilfalle Sverre Bjørn. Gjennom fleire vintrar har han vore ein trufast medhjelpar til ”ambulerande fangstfolk” på Austfjordnes og Mushamna. Fleire gong som årets første scooterbesøk, i alle fall i Austfjordnes. Og alltid med noko nyttig til fangstfolket i zargesen.
Det er alltid triveleg å få ein god ven på besøk! Og særleg når ein er på fangst. Ikkje var det dumt med det han hadde med seg heller. Ære være Marta, Silje, Anita og Tove - hadde karen med både splitter nye skisko og ein stor haug AA-batteri frå Longyearbyen. Men det beste med besøket var uansett to fine daga med Sverre Bjørn i hus. Endre og eg hadde byrja å spa fram Wide Trak’en som ikkje har vore i bruk sia Bitte Lille Julaftan. På grunn av styggvêr og påfølgjande kuldeperiode har scooteren stått ubrukt på utsida av huset. Totaktsmotorar er ikkje glade i temperature under 30 blå. Og vi er ikkje superhungrige etter å køyre scooter utan ljos og GPS i mørketida. Men saman med Lynxen gjekk det godt til Gråhuken. Rart å køyre fellerunden vi har gått så mang ein gong! Eg skjønna godt at fangsfolk med scooter har utnytta eit større fangstområde enn oss! Men i februar skal vi uansett få opp feller både langs Widjefjorden og sørover i Woodfjorden. Vi må få has på eit par til!
Måndag kveld var besøket over. Pliktene kalla for snekkaren i Ny-Ålesund! Turen heim vart visst tidkrevjande grunna bakst og bamse. Men scooterbesøk til Mushamna i januar trur eg er første gong i historia! Faktisk har første besøk dei siste åra vore ein til to månader seinare! I løpet av to år med dårleg fjordis, har det rett og slett vore lite scooterbesøk til Mushamna. Forutan ein liten skare frå Ny-Ålesund og nokre få frå Longyearbyen, har dei færraste våga seg over fjellpassa mellom Verdalen – Junkerdalen og Jakobsenbukta – Torelldalen. Og det med rette, for desse passa kan vere skumle for skred dersom forholda ikkje er gunstige. I år kom isen allereie rundt Nyttår! Det er tidlegare enn i 2006, sist ein kunne køyre isen heilt til Mushamna. Første besøk var også då frå Ny-Ålesund. Men isen låg aldri heilt til Gråhuken og rundt skjæret slik som den gjer i år. Og første besøk var 18. mars… Sverre Bjørn tenkte seg hit allereie under fullmånehelga 10. – 11. Januar. Og det trur eg villa gått nett like bra som no! Men sprengkulde fører med seg ekstra jobb for driftsavdelinga i Ny-Ålesund. Derfor vart turen utsett til sist helg. Turen opp tok fem timar inklusive mange stopp og hogg med øksa. Isen på Woodfjorden var stort sett bra – men NB! No er det mildvêr! Derfor må ingen ta Woodfjordisen for god fisk utan ny kuldeperiode eller svært forsiktig køyring. Vi har alle fjoråret friskt i minne. Vi skal ikkje miste nokon på isen i år! Så på tampen av bloggen åtvarar vi alle vidfarande Svalbardfolk: Dei siste dagane har vi hatt opp til FEM plussgrader OG varm vind frå sør. Kom gjerne på besøk, men sjekk isen sjølv!
First visit of the year!
Saturday 24th of January became a historic day at Mushamna hunting station. It started quite normal. But as I went out to say good morning to the dogs, I spotted a moving light in the south. Scooter! We knew he was on his way, but we hardly dared to hope that it would be possible to drive the whole way here. But 40 minutes later Sverre Bjørn and his Lynx scooter arrived in Mushamna. He made it!!
It was great to have the first visitor here. And I was happy it was Mr. Lidtveit. It had to be him! Not only because he is a good friend, but also because he is skilled in getting around at Spitsbergen. He has often been the first one in the season driving to Longyearbyen, Austfjordnes etc. And he is always a kind helper for the trappers. Thanks to Marta, Silje, Anita and Tove, he could bring me new ski shoes and a lot of AA-batteries bought in Longyearbyen! He could also help us in the search for what is wrong with scooters and batteries. But most of all – it was just great to have him around! Together we also got our scooter out running again. The Wide Trak has been on rest since the 22nd of December! Two stroke engines are not fond of cold weather, and we are not too fond of driving without light and GPS in the darkness. But now the Polaris was ready to run! Behind the Lynx, we went checking traps at Gråhuken. Strange to drive were we have been skiing all winter! Now I easily understand why trappers using scooters can extend the trapping area. But we will do the same quite soon. There must be a fox waiting for us in Widjefjord or Verdalen!
Sverre Bjørn had to go back to his carpenter job in Ny-Ålesund. And Monday evening we were alone again. Sverre Bjørn spent some time home due ice boulders and bears. But his visit was historical! I think it is the first time ever anybody drove a scooter to Mushamna in January. The last years the first visit has normally been in late February or even late March! The fiord ice has been poor the last two years, and not too many wanted to drive the narrow valleys between Verdalen and here. I’ve done it a few times, but I do not like it too much. The avalanche danger can be severe, so you have to turn if the conditions are bad. Last time we could drive fiord ice all the way to Mushamna, was in 2006. Even then it was not ice all the way to Gråhuken. Now it reaches far north of the land! But still we have to warn people that want to come here. Recently we had warm wind from the south AND temperatures up to plus 4 degrees. That means nobody can make guarantees concerning the ice. With last years’ sad happenings in mind, Sverre Bjørn stopped several times to check the ice depth with his axe. We don’t want any accidents this year! So please, visitors are welcome here, but drive carefully and be aware of the ice!!
fredag 30. januar 2009
Rekordtidlig besøk og plussgrader!
English version follows...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Jaggu bra du fekk nye skisko! Godt at det finns folk som skjønte ka som måtte til. I dag er det faktisk minusgrader på Svanøy, men ingen snø.. Har ikkje hatt på meg ski i vinter, galskap!!
Klem Anders
Takk for interessant informasjon
Legg inn en kommentar