Så er det atter kvardag. Og det gjeld fangststasjonen i Mushamna og! Mitt fangstkvinnesamvit er svart som Polarnatta etter jula. Fellene nordpå har stått urøkta utilgiveleg lengje! Men det er det lite å gjera med. Med veret som har vore, har det ikkje vore farande for verken folk eller fant. Vi burde ha teke eit skikkeleg skippertak for å få alle fellene oppe å gå så snart som mogleg. Reven er nok svolten og på utkikk etter mat no som veret endeleg har stilna. Men framleis lit vi ikkje på scooteren, så den står mest til pynt. Eller rettare – i vegen! Når dei blå gradene i tillegg legg seg mellom 25 og 30, vert det slett ikkje betre for ein ussel motor. Det er betre å stole på seg sjølv og hundane!
Andre januar fekk eg røkta dei nærmaste fellene langs kysten nordover. Artig å gå langs iskanten der bølgjene slo over isdekt strand i romjula. No er det berre kvitt med is og bakst. Utruleg flott! Vinden sto på frå nordvest då isen kom, så det har lagt seg eit breitt belte langs austsida av Woodfjorden. Når halvmånen kika fram, innsåg vi at isen slett ikkje gjekk så langt mot vest som vi trudde. Mørke skyar over den isfrie sjøen vitna om at det mest truleg er opne felt lengst sør i fjorden og. Vi vonar likevel at fjorden tettast med is. Det vil gjere livet langt lettare for fangstfolket – og opne for fangst lengst sør i Woodfjorden. Vidare vil det føre til at farande folk slepp å krysse skredutsette fjellpass for å komma seg hit. Det ville vore bra! Men så langt er isen berre til fascinasjon og visuell glede. Vi held oss landfaste enn så lengje og nyttar berre isen på Laguna samt kloss inntil land.
Endre vart med på årets andre røkterunde. I klart ver og minus 27 grader tråkka vi austover mot fjella for så å dreie mot sør og over Laguna. Vi såg sikkert ti-tolv stjerneskot på vegen. Det kan vel ikkje vere fleire stjerneskot her enn andre stadar, men aldri har eg sett så mange som her! Halvmånen gav utruleg mykje lys og når augo blir vant til mørkret, er det langt lettare å orientere seg utan lykt. Med lykta ser ein jo berre få meter framføre seg! Men den er nødvendig når ein skal sjekke fellene. Når eg slo på lykta ved femte siste felle før Mushamna, kunne eg sjå ein snødekt lang tarm under fella. Og jaggu. Årets første rev! Eg hadde eit håp om å finne han i ei av fellene i dette området. Dagen før såg eg spora etter han nord av Mushamna, og han hadde lukta på mange av fellene. Det var berre det at bamsen alt hadde slått dei ned! Derfor var jubelen ekstra stor når eg fekk has på han dagen etter. Eit skår i gleda var at Endre ikkje fekk sett det. Snille guten var på leit etter spaden eg mista ved fella på sørsida av Laguna… Til gjengjeld fekk han komme heim til oppvarma stue med pinnekjøt av rein, kålrabistappe, våre siste poteter samt varm eplepai på bordet. Jau då, jula varer heilt til påske ;-) Og kanskje raskar fleire revar over isen i tida som kjem…
Working days in the light of the moon…
Holydays are over, - also at Mushamna. My consciousness for the traps was black as the Polar Night after this long brake, with only a few very short rounds checking traps. But even without holiday mood, it would be hard for us to keep the pace up during the bad weather period. As the weather turns better again, it is very important to get the traps ready as fast as possible. The fox is hungry and eager to find some snacks. But an unstable scooter is not getting more trustworthy as the temperatures stay between minus 25 and 30 degrees Celsius. Therefore we still sick to skis – and dogs on the longer walks. The second of January I walked along the shore heading north. Funny to walk along the ice, where I walked along waves some days back! Now the ice is stretching along the eastern side of the fiord. The northwestern winds have pushed the ice towards the shore, but it is still open water on the west side of the fiord. According to dark clouds over open water, it also seems like the inner part of the fiord have some open areas. But we hope for more ice as the light comes back! It will make life a lot easier for both trappers and visitors. But for now we stick to the land and only use the ice very close to the shore – and in the Laguna.
Endre joined me for the second traptrip in 2009. In 27 degrees Celsius and clear skies, we walked up the hills east of Mushamna, and then across the Laguna to some traps one the south side. It is amazing how much light the half grown moon can provide us! Once the eyes get used to the darkness, it is a lot easier to navigate without the headlamp. But for working on the traps, we need light. As I turned on my headlamp on the fifth last trap before Mushamna, I could see a long white bump. And yes. A fox! I was very pleased. The day before I followed his tracks and I could see he had smelled at a lot of my traps. But the bear had already toured them down. This time I fooled the fox! Unfortunately Endre could not take part in the happy moment, as he was kind enough to rush back to the south side of the Laguna and pick up the shovel I accidently lost. But as he came back to Mushamna, I could great him with a cold fox, a warm cabin, reindeer dinner and apple pie. Xmas last long in Mushamna!
1 kommentar:
Hei.
Har fulgt dere på bloggen en stund, og tror jeg er misunnelig. Denne livsførselen virker jo forlokkende, men bare noen få har tæl nok til å gjennomføre noe slikt. Tryggere å lese om det, og drømme seg bort. Leste om Mushamna første gang for noen år siden, da boka av Jarle Vadder kom rekende. Har senere fulgt plassen gjennom bekjente,internett og Svalbardposten. Kan Dere forresten gi meg et tips om boka dere var så heldig å få tak i. Røyk og rak,tørk og grav. Har lenge prøvd å få tak i boka via antikvariat, uten hell.
Ønsker dere et godt år uten alt for mye slit.
Legg inn en kommentar