lørdag 17. januar 2009

Lys og varme. Og ein rev!

English version follows...

Ei kald og fantastisk helg med klarvêr og fullmåne vart avløyst av ein skikkeleg blåmåndag. Nett som vi hadde vent oss te lyset, vakna vi til overskya og snø. Det var mest som eit lite slag å være attende i mørketida. Vi trudde mest den var slutt! Men nei. Vi må nok styre med GPS, hovudlykter og kalde batteri ei stund til. Forbruket er enormt! Ved ”normale” temperaturar treng vi fem AA-batteri kvar per dag, tre til lykta og to til GPS’en. Når det er under 40 blå frys alt, batteri inkluder! Grunna to feilslåtte bestillingar, må vi no endre vanene. Vi har smått med AA-batteri! Mindre lykter fungerar greitt på kort hald, medan SILVA-lyktene gjev så mykje lys at det mest vert uråd å orientere seg. Men vi får det te! Når ein les kva folk klarte seg med før i tida, kan vi ikkje klage. Det er ikkje lenge sidan folk var utan både GPS, fancy lykter, vêrmeldingar og kommunikasjon. Eg har nytta fire dagars ”frossen-tå-restitusjon” te å fordjupe meg i gammal fangstlitteratur. Småhefta frå Vågemot Forlag anbefalast på det varmaste!! Når vi les om Gustav Lindquist og Co med snøfonn på stova i St Johnsfjorden, sett vi enda meir pris på Rosa Petraen som varmar huset og er optimal til matlaging og brødbakst. Lindquist og Co gjekk tom for brød i oktober! At vi kan halde 65 grader varmare inne enn ute skuldast også tette tømmerveggar og Kjell Reidar Hovelsruds gode byggeskikk. Apropos litteratur er byggmeisterens bok ”Svalbard - et eventyrlig polarliv” obligatorisk for alle fangstfolk i Mushamna. Nett no les Endre om kuldeperioden i -87 med temperatura ned i 46 grader. Vi er glad vi har fått oppleve ei tilnærming til dette i staden for mildversperiodane som har vore vanlig dei siste åra. Ingvild og Roger (2006-07) hadde ”berre sekundar med temperatur under 30” – medan Ingebjørg og Lars Tore (2005-06) hadde ein plussgrad 10. Januar. I år var det 44 grader kaldare same dag! Når det er sagt, har vi no ”mildvêr” med temperatura over 30. I vindstilla er det behageleg å farte rundt for både folk og fe. Og i dag fekk vi nok ein Mikkel! Trass i 85 aktive feller herifrå til Gråhukskjæret, er det som med rypene: Lange tura te tross, fangsten kjem til oss! Så langt har alle revane bøtt med livet under ei av 18 feller på ”Lagunerunden” – ei fellerekke som går austover mot Tårnfjella, så vidt sør av Laguna og attende langs brinkane til Mushamna. Likevel er det ved Gråhuken vi har sett flest spor, så i morgon går vi atter nordover for å røkte der. Viss ver og låge temperatura held seg stabilt framover, har vi god tru på bra fjordis i år. Da skal fangstområdet utvidast så snart vi får litt meir lys. I klårvêr kan vi no sjå lysrand over fjella i sør midt på dagen!

Another fox!
The weekend was cold, light and beautiful. Monday was a Monday! With cloudy weather and snow in the air, we were back in the darkness. Just as we got used to see something! A bit of a “down”! But I guess we have to cope for quite long yet. Still headlamps and GPS!
I used a lot more batteries than I thought I would. Generally the GPS batteries lasts maximum one day at “normal temperatures”. Below 40 everything freezes, and batteries die fast! I tried to order more batteries with the Xmas helicopter. But AA and AAA easily mix up. The GPS needs double A! So for now we save as much as we can, and leave our favorite AA-torches at home. Less light makes it hard to see and find the traps, while too much light makes orientation more difficult. But we cannot complain. While resting my frozen toe, I spent some days reading about trapping in the old days. No GPS, weather forecast, fancy torches or communication. It is amazing how they could cope! Good meals were sometimes rare, and the cabins cold. In St Johns Fiord, Lindquist and his companions had snow on the floor. And they were out of bread in October! I must admit, floors are cold at some of our huts also. But in Mushamna the Rosa Petra oven both keeps us warm and provides bread. In combination with the well built hut, we can easily keep 65 degrees above the outside temperature! Mushamnas “father”, Kjell Reidar Hovelsrud, tells about 46 degrees minus in 1987. We are happy to be closer to this than to the warm periods that have been experienced recent years. 10th of January 2009 were 44 degrees colder than the same day in 2006 (according to Lars Tore & Ingebjørg).
Trapping today was quite comfortable – wind almost calm and temperatures above 30 degrees. Seems like the foxes also enjoyed the full moon. Another fox trapped today! Despite 85 traps from here to Gråhuken, so far all our foxes are trapped close to Mushamna and the Laguna. Still we will go to the north tomorrow – and extend our trapping area when we get some more light. Today at noon we could see a little bit of “daylight” over the mountains in the south. Nice!

Ingen kommentarer: