mandag 12. januar 2009

Fullmåne og 42,4° grader!

English version follows...

No e det vinter i Woodfjorden! Fullmånen lyser opp kvite fjell og isdekt fjord. Og temperaturen viser 42,4 kalde grader. Da er det vel lov å seie det er vinter?


Vi har nett vore på eit par dagars røktetur nordover. Ei natt på Gråhuken og ei natt i Fiske Bay. Fangsten var laber, men turen var bra. Ein kjenner seg av og til litt ”ute av verda” når ein labbar rundt og løftar på trelemmar medan folk døyr i tusental i Gaza. Det gjev ikkje alltid meining å gå milevis i mørkret på leit etter reveskinn. Det er pur egoisme som ikkje gagnar anna enn ein sjølv, og somme tider knapt nok det! Men så får ein slike særeigne opplevingar som vi fekk på denne turen. I fullmåneskinn og 30 minus vandra vi langs ei strandlinje som har endra seg fullstendig. Heile fjorden er full av is så langt vi kan sjå. Og langs land har dei enorme kreftene skapt eit midlertidig eventyrland med oppstuvingar i alle fasongar. Heilt utruleg. Om dei som krigar fekk sjå dette, tru om dei ville halde fred da? Det finnes i alle fall inga større fred enn i Woodfjorden på ein vindstille fullmånedag i januar!Vel attende i Mushamna var det minus ni grader i stova. Gjev uttykket ”romtemperatur” ei ny meining! Da er det like greitt at ein lyt jobbe med å spa ut snø av hundehus etc. før ein kan gå inn! Jaggu fekk vi fylt opp vedlageret før vi tok middag og. Det er greitt at temperaturen er over frysepunktet før ein sett seg ned og et! Ingen av oss orka leggje seg før det vart varme i hytta. Så i går sov vi oss halvvegs gjennom den vakraste dagen vi har sett her oppe. Mørketida tok pause! Det var så lyst at eg kunne nytte kikkerten for å sjå på alt det rare utpå isen medan Endre fekk seg ein topptur til Tårnfjellet. For meg som plar vere superivrig på slike turar, var det rart å vere heime og bake brød i staden! Men høgra langtå er så forfrosen at eg knapt får på meg tøflar. Difor lyt eg ta det med ro eit par daga. Irriterande at elendig service frå ein sportsbutikk i Bærum skulle føre til ein heil vinter med ømme tær! Ein skulle tru at ei bestilling eit halvt år før avreise var i god nok tid? Små skisko og kulde er ingen god kombinasjon. Rett utstyr er viktig når temperaturen kryp under 40! Men Mushamna rommar mykje rart. Eg har funne nokre gamle, store skisko og tilhøyrande ski med NNN-bindingar. Så no skal eg få plass til både labbar og hovne tær! Alt ordnar seg for snille jenter… Jenta er no halvvegs i løpet som fangstkvinne i Mushamna. Summa summarum har alt gått greitt. Eg har opplevd utruleg mykje, og fått gleda av å bli (betre) kjent med mange flotte menneske. Hundane er lukkelege, stua er varm og pizzaen godgjer seg i Rosa Petraen. Vinen står på bordet – og fangstmakkaren er stolt etter vel gjennomført topptur –over 500 meter i under 40 graders temp (og over 79 grader Nord!). Livet er greitt å leve. Vonar nokken får oppleve dette neste år og!

Full moon and minus 42.4° degrees Celsius

The Polar Night took a brake this weekend! The full moon is shining over awesome scenery consisting of mountains, snow and ice. The fiord is covered by ice as far as we can see. And in this light, it is even possible to use the binoculars to enjoy the fairytale landscape of ice forced into vivid formations by enormous forces. During our walk to Gråhuken last week, we skied along a completely “new” shore with frozen “waves” and trolls made by ice. When we came back to Mushamna, it was minus nine degrees inside the cabin. Gives the expression “room temperature” a new meaning! Just as well we had to spend some time digging snow out of the dog houses etc. It is nice to get the temperature above freezing before we sit down to dine! Yesterday we had the nicest day ever; - clear skies and minus 39.9 degrees. Endre took the opportunity to go skiing on the mountain behind Mushamna. For me it was strange to stay home and bake bread instead! But my toes were aching so much after all the freezing, so I had to give them a chance to heal. Luckily I found some big, old ski shoes in Mushamna. Now I have room for both thick socks and swollen toes! As the temperature sunk below 42.4 degrees today, big enough shoes are important! But Endre actually managed to stay comfortable on his mountain walk, so the fellow is quite pleased at the moment! 500 meters above sea level and below 40 minus is not too bad.
To experience all this is purely magic. Sometimes I ask myself the meaning of spending the darkest months up here far from family and friends. We are messing around digging ice and snow and lifting wooden trapdoors looking for foxes – whilst hundreds of innocent children die in Gaza. I am sure we could find something more meaningful and less egoistic to do! But sometimes I wonder if the ones who fight and kill would stop their stupid actions if they ever could experience the peacefulness made by isolation and a full moon in the Polar Night…Maybe it could prevent war! Hard to say. But I know we are extremely lucky and privileged to live here for a year. I am now half way through my stay here, and it has all been so full of happy happenings and meaningful times with great people. I really hope somebody will have the chance to experience the same next year. This spot is too good to be left all alone!

Ingen kommentarer: