English version follows...
No lysnar det fort i nord! Stjernene over oss bleiknar midt på dagen. Og sjølvom det framleis er mørkt mot nord, ber kvar ny klårvêrsdag lovnad om ljosaretider. No har vi i tillegg fått ein månesigd over oss. Når fullmånen attervert tømd, er mørketida over. 28. Februar er første soldag i Mushamna. Vi gleross!Vi er no midt i tida for ambivalens! På den eine sida blir eg rastlaus og gladfor at ljoset er på veg attende. Stadig vert eg overraska over kor ljost deter! Det er fantastisk å sjå ut vindauget og faktisk sjå noko! På den andresida vert eg skuffa over at det likevel er mørkt etter eit par timar. Så novekslar eg mellom å gle meg over ljoset og surmule litt over mørkret. Men deter heilt til eg går ut og vert ståande på ”tunet” med tresko og dunjakke itimevis. Mørkret er sjeldan heilt bek mørkt no. Så snart augo venner seg tilmangelen på ljos, trer konturane fram. Alle dei kvite flatene gjev ein utrulegalbedorefleksjon. Med fotoapparat og lang lukketid, vert også nordlyset meirsynleg, der elektrona frå sola vert fanga opp av jordas magnetfelt og gjevljos når dei kolliderer med luftgassane. Det er faktisk ikkjemykje nordlys sålangt nord som dette. Troms har langt meir spektakulært nattnordlys ennSvalbard! Men her ute i ingenmannsland får vi med oss det vesle som er. Og pådagtid ligg nordlysovalen over oss. I desember/januar er det mørkt nok til atvi somme gonger kan sjå dette spesielle nordlyset med det blotte auget. Medannattnordlysets elektrona vert fanga opp av jordas magnetfelt og slengt motatmosfæren frå motsatt side av jordkloden, vert dagnordlyset slengt direktemot atmosfæren. No er eg på tynn is om temaet, men interesserte bør bestilleOttarhefta om nordlys og arktisk lys frå Tromsø Museum! Det er i alle fallflott! Men at nordlyset gjev høyrbar lyd frå seg, har eg ikkje erfart. Det erheilt stille her! Det einaste eg høyrer ute er synginga frå isen. Det er tilgjengjeld eit heilt orkester!Dei siste dagane har vi røkta fellene mot nord. Endre og Tuna ved Gråhuken, egog gutane ved Vårfluesjøen og nord til Garmbekken. Hundane har funne seg tilrette med våre rare vanar, og knyr ikkje over at Endre held dei medan egsjekkar feller. Dei synes og det er greitt å vente ved hytta medan vi gårrundane våre. Hundelukt ved fellene vil vi ikkje ha! Men det ser ikkje ut somdet har spelt så stor rolle. Fellene er enten urørt eller herja av bamse.Revespora går hakk i hel med Kong Salomo. Den vesle luringen vonar nok at detskal drype litt på ham dersom det ”regnar på” bamsen. Men ein liten åtepinneer ikkje nok til begge! Apropos regn har vi hatt underkjølt yr og regn fleiregong den siste tida. I går var det skikkelige whiteout, så sikta vart betre dådet mørkna igjen rundt klokka to om dagen. Whiteout er eit fenomen som kan gjeproblem for både helikopterflyging og scooterfølgje på Svalbard. Sikten erlangt betre i mørkret! Og med siste forsyning har vi batteri nok til lykteneresten av sesongen, så no treng vi ikkje spare ;-)
Disappearing stars and disappointing trapping
Now light is on its way back to Mushamna. In the middle of the day we cannotsee the stars above us anymore. Even though it is darker to the North, thingsare now changing day by day. Also the moon is back – and as the coming fullmoon is decreasing, the Polar Night is already over. The 28th of February wecan spot the sun from Mushamna!This is the time of ambivalence. On one hand I am amazed by the light andeager to go out and enjoy! On the other hand I am also disappointed over howfast it gets dark again. But that is until I go out and really look. As soonas the eyes get used to the little amount of light, I can spot tings aroundme. The albedo effect from all the snow covered surfaces is incredible. Andwith long shutter time on the camera, I can catch some Northern light as well.It is actually less Aurora here than most people believe. That is because weare too far north! Due to the magnet field, Northern Norway has morespectacular and colorful Aurora than Spitsbergen. But very few people otherthan us can enjoy the day Aurora. This Aurora is made out of particles throwndirectly on to the atmosphere and is therefore different from “Normal” Aurora.Of course it needs to be dark at daytime if you want to see it without usingspecial instruments. So on this we are the lucky ones. But I no longer believein hearable noise from the Aurora. It is still fascinating how quiet it ishere! The only thing we can hear outside is the singing from the fiord ice. Itis a big orchestra!The last days Endre and Tuna have checked traps around Gråhuken, while me andthe boys have checked everything from Vårfluesjøen and northbound. We keep thedogs away from the traps, but it doesn’t seem to make any difference for theoutcome. Either the traps are untouched or torn down by Polar bears. The foxfollow the King of the Ice, hoping to get some leftovers from the bear. But inthe traps there is nothing left!Lately we’ve had some freezing rain and drizzle. Yesterday we had almostcomplete whiteout! Actually the visibility got better as it darkened aroundtwo o’clock in the afternoon. And now we have enough batteries for the rest ofthe season, so we can use the torches as much as we like!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei
Her kommer en hilsen fra en nordmøring som også tilbringer vinteren i nord. Jobber på Jan Mayen.
Følger interessert med på bloggen din. Skulle gjerne tatt steget og gjort det samme som deg.
Ønsker deg lykke til med resten av oppholdet der oppe.
Nydelig å lese om mørket og lyset.jeg tenker mye på deg der nord og hører at du snart får selskap av Tove. Dere er priviligerte damer."For EI Dame" Send meg en mail om du kan, adr i gjesteboka di .Klem fra Stine.
Legg inn en kommentar