English version follows...
Mushamna melder om stabilt ver, temperaura mellom minus 25 og 29 blå – og med ein fager fullmåne på himmelen. I følgje X-fangstdame Ingebjørg er månen no 30000km nærare jorda enn middel, noko som visst skal gje 30% meir lys enn normalen. Og jaggu trur eg dama har rett. For første gong på veldig lenge kan eg kike ut frontglaset – og faktisk skimte både hundehus og kjøttstativ! Ei utruleg månekule lagar 24 timar dag midt i mørketida. Det må berre opplevast!
Etter eit par daga med finver og fellerundar, kom vinden attende. Og når det er 28 minus og vind, ja, da er det kaldt! Det bit godt i kinna, for å seie det slik. Vi fann det tryggast å velje opphald i sofaen. Etter uversdagen var det råk i isen nedafor Mushamna, nett nok til at eg fekk ofra matavfall og restane etter brent dassinnhald til havgudane… No ligg isen tett tvert over fjorden og så langt vi kan sjå i begge retningar. Det vert spennande å traske nordover til Gråhuken og sjekke om vi kan sjå kanten av drivisen derifrå.
Mens hundane er rolege og tar kulda med fatning, er det verre med motorar og batteri. Vi har krangla mykje med aggregatet dei siste dagane, - sjølv etter oppvarming ved omnen på stua, ny plugg, drenert forgassar og reinska luftfilter. Motor i kulda e noko skit! Vi held oss langt unna scooter og håpa vi har nok batteri på lykter og GPS til å ta røkterunde nordover på ski. Det enkle er ofte det beste!
Working class heroes
Minus 25-30 degrees Celsius and moonlight, - that just about sums up Mushamna at the moment. After a few days with foxy weather, the wind came and asked us to spend one day at the sofa. We did not reject! Minus 28 degrees and heavy winds makes you f...ing cold!! Luckily the dogs seem to cope better than us. They are quite calm and happy – still sleeping outside. Engines seem to cope worse. We’ve had some heavy fights with the generator lately. Pugh. We hardly dare to look at the scooter! We’ve only used it once since we got it working. For the trapping to the North, we use skis instead. And of course, the dogs will join us. Better safe than sorry!
The fiord is now fully covered by ice, so we are a bit excited to check if we can see the northern border from Gråhuken. In the light of the growing moon, seeing is actually possible! Former trapper Ingebjørg has told us that the moon is now 30000km closer to earth than mean distance. That means 30% more light than normal. And I think she is right! For the first time in a very long time, I can actually look out the front window and see both dogs and meat rack! Quite cool ;-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar