onsdag 4. februar 2009

Draumetida!

English version follows...

Nå lever vi midt i draumen! Plutseleg vart vindstilla avløyst av vind og Svalbardvèr slik vi er vant med det. Vindmølla gjekk berserk på taket og eg måtte ta ein nattleg Securitasrunde for å sjekke at ingen ting kunne blåse vekk. Like brått stilna vinden att. Med eitt lyser halvmånen slik den berre kan lyse i mørketida på Svalbard. I dag har vi hatt måne, stjerner, rosa rand i sør, blålys og nordlys. Alt på ein dag! Vindpolerte snøflater blenkjer i månelyset. Det er så vakkert at vi mest ikkje kan tru det er sant!!
Alle tider på Svalbard har sin sjarm. Midnattssola er vakker, og hausten med dei første solnedgangar like så. Men det er ingen ting som kan måle seg med februar og mars. Dette er tida vi har venta på! Lysets gradvise tilbakekomst er eit utruleg skode. Især når ein har sett på mørkret så lengje. Hovudlykta er framleis på plass på skolten. Men i dag kunne eg faktisk stå på ski bak to kåte unghundar utan å nytte lykta. Og eg fekk ta årets første bilete utan verken blits eller stativ! Dei som kjenner oss rett veit at mange megabyte foto går inn på harddisken no…
Temperaturen er atter ned i minus masse, i kveld minus 28. Det merkast på tærne mine, sjølv om dei nye skoa er gode. Litt synd, for nett no skulle vi berre vore på tur døgnet rundt. Det er nesten for fint til å sove! Men hundane sørgjer for at vi får med oss litt av natta uansett. Tuna varslar kvar ein bamse som stryk forbi – nær hytta eller langt ut på isen spelar visst ingen rolle. Nattlege lufteturar til tross, har lyset gjort sitt til at vi endeleg er komne inn i ein naturleg døgnrytme. Det er tilfredsstillande etter lange periodar med døgnet i surr! Opp med sola er ei sterk overdriving, sidan det enda er fleire veker til vi ser ho. Men utetid i eit slags lys, for så å nyte lange ettermiddagar heime kjens godt. Det er som å få det beste av både mørketid og lys! Vel heime er det framleis tid til å både bære ved og vann, lage mat og sette seg ned med ei bok eller ein god film. Eg har reist mykje i Afghanistan den siste tida, og både grine meg gjennom Drageløparen og besøkt bokhandlaren i Kabul. Endre er framleis på Svalbard i godt selskap med fangstdama Wanny Woldstad. Saman har vi vært med på slaget om Troja med Brad Pitt’en som Achilles. Inspirasjonen til historisk og politisk lesing vert pirra, så Innsikt og andre fora vert grundig lest. Kanskje må man til Mushamna for å bli politisk korrekt?!

Prime time!
Prime time is here!! After many calm days, the windmill on the roof suddenly started spinning. “Normal” Svalbard weather came almost as a shock to us. I had to get out of bed and check that nothing could blow away! 24 hours after the wind calmed down again. A half grown moon was shining as it can only shine at Svalbard in the Polar night. Magnificent! During one day we had moonlight, daylight, stars, pink light in the south, blue skies to the west and Aurora in the evening. It is so beautiful we can hardly believe it! All seasons at Spitsbergen bring something special. The Midnight sun is of course great; - the first dark night in the autumn as well. But nothing beats the return of the light after the darkness! February and March brings a fantastic show of light and colors. There will be many kilobytes of photos on our hard discs during this time! Today I could even catch a moment without using either tripod or flash. For the first time this year! I could also go skiing behind hyper active young dogs – without using headlamp. Feels quite strange!
Temperatures are low again; minus 28 tonight. And my toes can feel it!! That is a shame, because it is too nice to be inside now. We should be out enjoying the moon all night! The dogs bark at Polar Bears whether they pass on ice or come close to the cabin. Therefore they get us out of bed every now and then. So we do get some glimpses of night! But despite night time “chasing”, we are finally in a “normal” day routine. After many months of confusion that feels good. “Up with the sun” would still keep us in bed. But we can enjoy some hours of daylight, and still have time to carry wood and water, make dinner and even enjoy reading or a good movie afterwards. That gives us the benefits of several seasons! Lately I have spent some time in Afghanistan, crying my eyes out with The Kite Runner. Endre is at Spitsbergen following Wanny Wollstad on her trapping at Hornsund. Together we have joined the battle of Troy with Brad Pitt as Achilles. Gives us inspiration for historical and political readings! So now we have to “read hard” before the Polar Night is over ;-)

3 kommentarer:

Turid sa...

Dåkk får alt det beste med dåkk..nyt det !

Som dagene går sa...

Fantastiske opplevelser som holder for et langt liv skulle æ tru,men nye gode står sikkert i kø. Skulle du ønske å reise mer i Afganistan så hvis du ikke alt har lest den, anbefaler æ "Tusen strålende soler" av samme forfatter som skrev "Drageløperen".

Anonym sa...

Hei, har dere søkt et år til? HVem dere evt. hvor mange som har søkt for neste periode?