søndag 18. januar 2009

Natt som dag – og dag som natt!

English version follows...

Dei siste dagane har natt vore dag og dag vore natt. Nett no som vi skulle til å snu døgnet på rett kjøl, har det vore mørke, overskya daga – og klåre, lyse månenetter… jaja. We cannot always win! Til slutt ga vi opp og la oss i fire-fem tida, som vanleg. Men i dag er det dag på dagen! Da eg kraup ut or køya klokka tolv, lyste det raudt i sør medan nordlyset spraka over stjernehimmelen. Slike dagar er det så vakkert at ein nesten ikkje kan tru det! Og så er det så uendeleg stille. Når det ikkje bles, finnast det ingen stad så stille som her. I minus 30 går til og med hundane i dvale. Dei gidd ikkje komma ut or husa før dei er viss på at dei får kos eller tur! Men da er dei til gjengjeld klare på ei blunk.
Vi har vore ein tur mot nord for å røkte fellene der. Sist veke gjekk eg sesongens første fellerunde utan nemneverdig naglebit! Derfor var eg ved godt mot. Men ved Vårfluesjøen verka tærne ille, sjølv i gedigne skisko og fleire lag ull. I minus 33 tek det ei god stund før hytta er varm, men etter eit par timar tina tærne. Dersom eg budde i USA kunne eg sikkert ha vist til purringar på mail og telefon og saksøkt sportsbutikken som ikkje klarte å sende meg skiskoa eg bestilte i mai! No kryssa eg fingrane for at tærne vil tåle topptura og lange skitura før Lindas tålmod slår sprekk!
Torsdag kveld gjekk Endre og Tuna til Gråhuken. Eg inntok horisontalen i Fiske Bay - med beina godt planta i dunsoveposen og med Annes iPod på øret. Fangstmannsliv er jaggu ikkje som det ein gong var! Tårane trilla då eg las Bjørvigs dagbok frå overvintring i snøhola på Kapp Heller. Historia har eg høyrt så mang ein gong før, men med Bjørvigs eigna ord vart skildringa av samværet med sin sjuke – og etter kvart daude - kamerat ekstra gripande. 55 netter åleine i mørket med Benstens daude kropp som selskap i hola. Karen måtte ha ein psyke av stål! Dagens situasjon er så totalt annleis. Arne Olsen daude av skjørbruk på Bohemanneset, utan sjanse til å tilkalle hjelp av folk på andre sida av fjorden. No har vi både telefon, radio og nødpeilesendar! Likevel aner vi eit snev av livet til dei gamle fangstfolka. Det er ei god kjensle å vere åleine i Polarnatta – og kjenne at det er heilt greitt! Mørkret er ikkje truande. Det berre er der! Og eg søv godt. Med Tundra på dørhella og Frost utfor gluggen, kan ingen bamse komme upåakta hen! Dagen etter er vatnet i kjelen botnfryst. Best å fyre og komma seg ut på røkterunde! Ved fella på haugen søraust av Garmbekken ser eg lykta til Endre på Gråhuken. Pussig å sjå for seg oss som einslege prikkar i polarnatta. Besøkande frå ytre rom ville sikkert ha undra seg! Og bamsen lura sikkert på kva vi driv med her oppe, anna enn å lage litt underhaldning for ei vintertrøytt bamsesjel. Heldigvis hadde bjørnen berre leika seg med to feller denne gong. Resten var urøyrt for anna enn snøfokk og blest. Men etter 23 feller på åtte kilometer var det godt å komme attende til lunka hytte og glade hundar som ivrig snusa på rimfrosten i andletet til Matmor. Nokre timar seinare fekk dei to trekke meg heim att til Mushamna. Til minus tre grader i stova, men med god omn og varme teppe. Endre og Tuna kom heim utpå natta, så nå er flokken atter samla. Eg må medgi det er mykje sant i det Endre seier: Feller utan rev er eit mas! Men turen hadde vore kjempefin…

Day as night - and night as day!
Lately day has been night and night day. Just as we try to get ourselves into a normal rhythm, we nearly regret. It has been dark and cloudy during day – clear skies and moonlight during night. We cannot always win…! After some days we gave up and went back to staying up until five in the morning. But as I crawled out of bed at noon today, the southern skies were red and Aurora was playing amongst the stars above Mushamna. I must admit, on clear days, we should be out during day! On a day like today the beauty of the scenery is surrealistic. And on calm days, the silence strikes me. I think no place in earth is as quiet as Mushamna in the Polar night! In temperatures below thirty, even the dogs become lazy. They stay in their houses until they are SURE to get some cuddling or a run…
Thursday evening we took the dogs and went to Fiske Bay. Even after such a short trip, my toes were freezing cold. In minus 33 degrees, it takes a while to heat up the cabin. But after a couple of hours I was OK – still cursing the shop that did no manage to send me ski shoes. If this was America, I could go to court and sue the shop! Now I pray that I will be able to enjoy long skitrips and downhill skiing in the spring…
Endre and Tuna continued to Gråhuken, while I took place in my down sleeping bag reading Polar literature. I am a so amazed by all these stories. They were completely isolated with no possibility to get help or support. If they did not manage on their own, they simply died. The most astonishing story is Bjørvig and Bentsen that spent the winter in a snowcave at Frans Josefs land, looking after equipment for Wellman and his expedition. Bentsen died in January after being ill for quite long. Bjørvig spent the rest of the winter with his dead friend in the cave – protected for polar bears. No wonder Wellman felt bad when he found the men in end of February. But Bjørvig was mentally strong and even managed to follow the expedition on the following adventures. Compared to all this, spending time alone in the Polar night today is a Piece of cake! I have radio, satellite phone, emergency transmitter, fancy food and good clothing… Even so, it is nice to experience that I fell quite comfortable being alone in the darkness. During night, the dogs are protecting me, barking as hell if the Polar bear comes close. On my traptrips, I have GPS, weapons and headlamps. Still it was nice to see the glow of Endres torch at Gråhuken as I went on my 8km trip on Friday. I have to smile when I imagine watching us from high above – two tiny torches in this vast darkness! I guess creatures from outer space would wonder… Or even the Polar bear – he must think we are here for his amusement only? At least he has some fun tearing our traps apart. Luckily, this time only two out of 23 was toured down. The walk still feels long enough when I have to dig snow out of many traps. It was good to be back to a “warm” hut and two happy dogs. Some hours after, Frost and Tundra could pull me home to Mushamna. During the night, Endre and Tuna came back also. And I must admit Endre has a good point, the trip would have been fantastic if it wasn’t for all the traps!

1 kommentar:

Som dagene går sa...

Fint å oppleve fangstlivet og naturen sammen med dere - på blogg! Du gir oss en smak av polarnatta.
Undres om Bjørvig du skriv om er den Bjørvig Jakobsen som fikk skada ei hand. Han hadde jeg som lærer i flere år i 50-åra i Nordreisa(beste lærer jeg hadde).
God fangst!